Hamnereglement

Her finn du gjeldande reglar for Kinsarvik Båthamn som medlemmar og besøkande skal forholde seg til. Reglar gjeldande frå 20. mars 2022..

§ 1 Tilvist båtplass
Medlemen disponerer ein tilvist plass frå styret. Styret kan tilvisa annan plass. Kinsarvik Båtlag eig plassen, men vert nytta av medlemen mot innbetalt depositum og kontingentar.

§ 2 Styret sitt ansvar
Styret har ansvaret for at hamna er i god stand til ei kvar tid, og ser etter at vedtektene og reglane til båtlaget vert haldne. Styret fører oversyn over båteigarar som er tildelt plass i hamna, og syter for at båtlaget til ei kvar tid veit kven som er tildelt plass kvar i hamna.

§ 3 Depositum
Medlemen betaler depositumet etter breidda (brutto) på båtplassen. Storleiken på plassen, (breidd og lengd), skal i størst mogeleg grad tilpassast storleiken på båten (sjå teikning nr 2 som viser dette). 8 meter utliggjar kan nyttast til båtar inntil 32 fot, medan 6 meter utliggjar kan nyttast til båtar inntil 26 fot. Båtlengda inkluderer baugspyd, badeplattform, davitar inkl. jolle med påhengjarmotor. Båteigaren må retta seg etter styret si tilvising vedkomande breidda på båtplassen og lengda på utliggjar.
Båteigaren pliktar straks å melda frå til styret om skade eller uregelmessige hendingar i hamna. Skade som båten påfører hamneanlegget, skal båteigaren kosta og reparera etter tilvising frå styret.

§ 4 Forsikring og registrering
Alle pliktar å ha båtane sine ansvarsforsikra. Dei skal og vere registrerte med namn, stadnamn, og registreringsnummer. Båteigaren skal gje styret desse opplysingane skriftleg på eige skjema (skjema nr 1).

§ 5 Krav til fortøying
Båtane bør minst ha to fenderar på kvar side og ha solid og skikkeleg tauverk påmontert lydlause fortøyingsfjører bak og framme (f.o.m. 20 fot). Godt sjømannskap tilseier spleisingar og ikkje knutar, og berre dette skal brukast. Dei båtane som ligg ute vinterhalvåret skal fortøye med spring. (Sjå teikning nr 2 som viser rett fortøying i bås.)

§ 6 Krav til båten
Alle båtane i hamna skal vera i rimeleg bra stand, også estetisk. Båtar som med sitt nærvære skjemmer, er til forarging og som ikkje oppfyller desse krava, skal visast bort.

§ 7 Brannsikring
Brannlovgjevinga sine krav om generell varsemd gjeld, og den enkelte båteigar pliktar å sikre seg mot at brann oppstår i hamna eller under opplag på land. Såleis skal alt elektrisk utstyr som skøyteleidningar, arbeidslampar, varmeomnar m.m. vera av godkjent type og i forskriftsmessig stand. Slikt utstyr kan likevel berre nyttast når brukar er til stades. Vert det brukt elektrisk oppvarming utan kontinuerleg tilsyn, skal det berre brukast elektriske omnar som er godkjent for slik bruk. Det same gjeld for anna oppvarming.

Lause kanner med bensin og propan etc. skal i minst mogleg grad lagrast ombord i båten, anten den ligg i båthamna eller i opplag på land. Det skal visast størst mogeleg aktsemd ved bruk av open eld, og røyking i samband med bruk av eldsfarleg veske eller gass er strengt ulovleg.

§ 8 Vedlikehald og orden på båtplassen
Kvar medlem må sjølv regelbunde føre tilsyn med sin plass. Feil som båteigaren ikkje sjølv kan retta, skal han straks melda frå om til styret. Skadar på båtplassen som skuldast dårleg fortøying eller aktløyse, skal belastast den enkelte båteigar.

§ 9 Lagring og garnreinsk på flytebryggjene
Jollar, gummibåtar m.m. skal ikkje lagrast på flytebryggjene. Smale kanoar, kajakkar eller liknande som vanskeleg let seg lagre annan stad i hamna, kan likevel etter avtale med styret for kortare tid lagrast på flytebryggjene. Mating av fugl og anna vilt, sløying av fisk, garnreinsk og lagring av garnkassar på flytebryggjene er ikkje tillate.

§ 10 Lån av utstyr
Båtlaget har til utlån div. mindre utstyr i båthuslageret for medlemene. Ved lån pliktar medlemen å kvittera på opphengt liste i lageret. Utstyret kan berre nyttast i hamna.

§ 11 Manøvrering i hamneområdet
Båteigarane pliktar å retta seg etter fartsavgrensinga i hamneområdet, og skal visa stor aktsemd ved manøvrering. Stor fart medfører fare og lagar sjø, og er til unødig sjenanse og irritasjon for andre medlemar og må ikkje førekoma. Styret skal ved melding om slike hendingar, gje vedkomande båtførar ei åtvaring som han straks pliktar å retta seg etter.

§ 12 Bruk av opptrekksplass
Opp- og utsetjing av båtar i hamna skjer på båteigaren sitt eige ansvar, slik òg med all anna ferdsel i hamneområdet. Alle pliktar å rydda skikkeleg opp etter seg etter bruk.

§ 13 Parkering og inn- og utkøyring
Porten i båthamna skal vere låst dersom ikkje anna er kunngjort ved oppslag. Inn- og utkøyring og kort stopp for av og pålessing av tyngre kolli er likevel tillate. Ved slik transport skal porten alltid låsast etter gjennomkøyring, også dersom porten var ulåst og det elles er bestemt at den skal vere låst. Det skal ved langtidsparkering berre parkerast på merka parkeringsplassar. Parkering og køyring på grøntområde må ikkje førekome.

§ 14 Orden og reinsemd i hamneområdet
Over alt i hamneområdet skal det til ei kvar tid vera orden og reinsemd. Fiskeavfall må ikkje kastast i hamnebassenget eller på land, heller ikkje avfall og skrot.
Vedtektene og reglementet til båtlaget vert gjort kjent for alle medlemane, og dei pliktar seg ved medlemskapen sin å fylgja desse.
Brot på vedtektene og reglementet, eller pålegg gjeve av styret i samband med dette, kan føra til eksklusjon og bortvising frå hamna.

Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig vassforbruk. Vasslange skal rullast inn etter bruk. Straum til støvsugar, drill, lading av batteri m.m. kan brukast fritt, medan det skal betalast avgift for straum brukt til oppvarming. Medlemen skal ta kontakt med styret for tinging av straumuttak for slik bruk.

§ 15 Meldingar til medlemene
Meldingar til medlemene vert gjort kjende ved e-post og på heimesidene til båtlaget.


§ 16 Tvistesaker.
Styret er tvisteinstans båteigarar mellom.