Vedtekter for Kinsarvik Båtlag
.
|
||
|
KINSARVIK BÅTLAG stifta 1970 org.nr. 979 894 341 VEDTEKTER Forslag frå styret, februar 2023 Vedtekne på årsmøtet 27. mars 2023, gjeldande straks. 1) Arbeida for utbreiing av fritidsbåtlivet som rekreasjon, og fjord- og kystkultur. 2) Skapa og halda vedlike ei god og trygg hamn, og sikra at ålmenta har tilgang til området. 3) Arbeida for utbreiing av kunnskap om sjøvett og marint miljøvern. 4) Ivareta medlemene, fastbuande og tilreisande sine interesser og rettar til bruk av fjorden som rekreasjonsområde og til annan privat fritidsbasert utnytting. 5) Samarbeida med andre private organisasjonar og offentlege styresmakter for å fremja båtlivet og båtfolket sine interesser. Arbeidet i Båtlaget er basert på frivillig innsats frå medlemene. Føremålet til Båtlaget er ikkje-økonomisk; medlemene heftar ikkje for Båtlaget sine forpliktingar. Eventuelle overskot på økonomiske aktivitetar kan så langt det ikkje vert avsett til framtidig oppfylling av føremålet til Båtlaget, berre disponerast utanfor laget til tilsvarande føremål i regi av KNBF eller anna båtlag som er tilknytt KNBF og som er registrert i Frivilligregisteret. § 2 Medlemskap
Før vedtak om eksklusjon vert gjort, skal medlemen ha høve til å uttala seg. Medlemen skal få rimeleg høve til å avvikla medlemskapen og båtplassen sin. Eventuelt økonomisk oppgjer vert gjort etter dei vanlege reglane som gjeld i Båtlaget, styret tek avgjerd dersom tvil. Vedtak om eksklusjon kan ankast inn for årsmøtet, med frist 1 månad rekna frå den dagen styret sitt vedtak er sendt medlemen. Avgjerd i årsmøtet vert gjort med alminneleg fleirtal blant avgitte røyster, der blanke stemmer vert rekna som ikkje avgitt. Avgjerd i årsmøtet er endeleg og kan ikkje overprøvast eller omgjerast. Ekskludert medlem kan på ny takast opp som medlem etter minst to år, dersom årsmøtet finn grunn til å innvilga medlemskap på nytt. § 3 Kontingentar
ü Årsmøtet ü Styret ü Eventuelle nemnder Det skal førast protokoll frå alle års- og styremøte. § 5 Årsmøtet Vedtak i årsmøtet vert gjort ved vanleg fleirtal. I tilfelle røystelikskap har leiaren dobbelrøyst. Årsmøtet kan ikkje gjera vedtak i saker som ikkje står på saklista. Kvart medlem har ei røyst, både dei med og utan fast brygge. Ein fråverande medlem kan møta med skriftleg fullmakt gitt til ein møtande medlem. Ingen kan røysta for meir enn ei fullmakt. Fullmakter skal godkjennast av årsmøtet før røysting tek til, vedtak om godkjenning er endeleg og kan ikkje overprøvast. Det ordinære årsmøtet skal handsama: 1. Val av møteleiar, protokollskrivar og ein til å skriva under protokoll i lag med møteleiar og protokollskrivar. 2. Årsmeldinga til styret 3. Rekneskapen i revidert stand, under dette eventuelt merknader frå revisor 4. Fastsetjing av kontingentar som nemnt i §3. 5. Framlegg frå styret til budsjett. 6. Sjå til at tidlegare vedtak er utførde. 7. Andre saker som står på saklista, herunder innkomne framlegg. 8. Val i samsvar med det som står nedanfor: Medlemer til styret, kvar av dei skal veljast for to år om gongen: ü Leiar ü Skrivar ü Tre styremedlemer Ombodet som nestleiar skal leggjast til ein av dei tre andre styremedlemene, også dette for to år. ü To varamedlemar til styret i nummerert rekkjefølgje, kvar for to år om gongen. ü Ein revisor skal veljast for to år om gongen ü Valnemnd på to personar, som skal koma med framlegg til val for neste årsmøte. § 6 Ekstraordinært årsmøte § 7 Styret Styret konstituerer seg og peikar ut kontaktperson. Dersom leiar ønskjer dette vervet skal han vera kontaktperson. Styret kan engasjera rekneskapsførar, dersom ingen av styremedlemene kan ta på seg denne funksjonen. Styret skal i god tid innan årsmøtet syta for at rekneskapen vert lagt fram for den valde revisoren. Rapport frå kontrollen vert lagt fram for årsmøtet. § 8 Tildeling og oppseiing av båtplassar, framleige ü Ansiennitet som medlem i Båtlaget ü Lokal tilknyting. For tilvist båtplass vert å betala avgifter og kontingentar fastsett av årsmøtet. Tilvist båtplass kan berre overdragast til andre direkte frå ein medlem, til ektefelle eller registrert sambuar / partnar og familiemedlemer i rett opp- og nedstigande linje. I alle andre tilfelle ved utmelding skal båtplassen leverast attende til Båtlaget. Framleige av båtplass er avgrensa til 2 år, og skal godkjennast av styret i Båtlaget. Det er eit vilkår at den som leiger båtplassen er medlem i Båtlaget. Etter søknad kan styret lengja fristen. § 9 Dugnad Arbeid i styret, revisjon og liknande oppdrag tel som dugnadsarbeid. § 10 Endring i vedtektene Ved oppløysing skal det veljast eit avviklingsstyre etter vedtektene sine føresegner om styre, med ansvar for Båtlaget sine interesser fram til endelig avvikling finn stad, under dette for den praktiske likvidasjonen av laget. Båtlaget sine eigneluter og rettar skal overførast til, eller fordelast mellom ein eller fleire lokale foreiningar med same eller liknande ålmennytige føremål, etter nærare avgjerd av årsmøtet. Finst det ved oppløysinga ingen aktuell eller villig slik mottakar, skal Båtlaget sine eigneluter tilførast same eller liknande føremål etter nærare avgjerd av KNBF. Båtlaget sine eigedeler eller rettar kan ikkje i noko fall tilfalla eller utdelast til Båtlaget sine medlemer eller andre enkeltpersonar eller einingar som ikkje er frivillige og ueigennyttige. |
Kinsarvik xxxxxx 2023
|
|
………………………………………………. |
………………………………………. |
Jarle Vikane |
Lars V. Ystanes |
Leiar |
Skrivar |